Om oss
Bakgrunn
12. oktober 2023 stifta 5 personar “SLAVA UKRAINI” - ei forening som tar opp i seg engasjementet Tore Wilken Nitter Walaker har hatt, og som søker inkorporere andres engasjement for det samme.
Formål
Foreningas formål er å støtte Ukrainas kamp for demokrati og frihet. Innsamla midler vil gå til å hjelpe det ukrainske samfunnet sivilt og militært med utstyr og humanitær hjelp. Foreininga søker gjennom bistandsprogram å bistå med gjenoppbygging av det ukrainske samfunnets infrastruktur. Foreininga vil bidra til utvikling av norsk og ukrainsk næringsliv gjennom å legge til rette for og støtte opp om gjensidig samarbeid og investeringar.
Frivillige
Det er frivillige som driver arbeidet og innsamlede midler går dermed uavkortet til å hjelpe Ukraina i deres kamp.
Styrets leder: Tore Wilken Nitter Walaker
Styremedlemmer: Bård Magnus Fauske, George Farnes, Bjarne Lothe og John Fadum
Org. nr.: 832 336 572
​
​​To logoer
Vår forening, Slava Ukraini, er en av mange tilsvarende foreninger i andre land, og vi er derfor nødt til å ha to forskjellige logoer: på vår Facebook-side må vi ha med ‘Norway’, mens på hjemmesiden trenger vi ikke det.
Vedtekter
§ 1 Foreiningas namn
Selskapets namn er «SLAVA UKRAINI».
§ 2 Forretningsadresse
Foreiningas kontoradresse er i Oslo kommune.
§ 3 Formål og verksemd
Foreiningas formål er å støtte Ukrainas kamp for demokrati og friheit. Innsamla midler vil gå til å hjelpe det ukrainske samfunnet sivilt og militært med utstyr og humanitær hjelp.
Foreininga søker gjennom bistandsprogram å bistå med gjenoppbygging av det ukrainske samfunnets infrastruktur.
Foreininga vil bidra til utvikling av norsk og ukrainsk næringsliv gjennom å legge til rette for og støtte opp om gjensidig samarbeid og investeringar.
§ 4 Organisasjonsform
Foreininga er ein frittståande juridisk person med medlemer, og er sjølveigande.
§ 5 Medlemer
Foreininga er open for dei som ønskjer å involvere seg i arbeid for Ukraina.
Medlemskap oppnås etter søknad.
Medlemskontingent blir fastsatt av styret.
§ 6 Rettar og plikter knytt til medlemskapet
Alle medlemer har rett til å delta på årsmøte, har stemmerett og er valbare til tillitsverv i foreininga.
Medlemer som ikkje har betalt kontingent inneverande år, har ikkje stemmerett eller andre rettar. Ved ubetalt kontingent for meir enn eitt år kan styret stryke dei som medlem av foreininga.
Medlemene pliktar å forholda seg til vedtak som er fatta av årsmøtet.
§ 7 Årsmøte
Årsmøtet, som vert halde kvart år, er foreiningas høgaste myndigheit. Årsmøtet er vedtaksført med det antal stemmeberettiga medlemer som møter, og alle medlemer har ei stemme. Med mindre anna er bestemt, skal eit vedtak, for å være gyldig, vere fatta med alminneleg fleirtal av dei avlagde stemmene. Ved stemmelikheit vert avgjerder fatta ved loddtrekning.
Årsmøtet vert innkalla av styret med minst ein måneds varsel til alle medlemer.
Forslag som skal handsamast på årsmøtet skal vere sendt til styret seinast to veker før årsmøtet.
Fullstendig saksliste skal vere tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før årsmøtet.
Årsmøtet kan ikkje handsame forslag som ikkje er oppført på sakslista.
§ 8 Årsmøtets oppgåver
Årsmøtet skal
-
handsame årsmelding
-
handsame revidert rekneskap
-
handsame innkomne forslag
-
fastsette kontingent
-
vedta budsjett
-
velje
o leiar
o styremedlemer
§ 9 Ekstraordinære årsmøter
Ekstraordinære årsmøter vert avholdt når styret bestemmer det, eller minst 1/3 av medlemene krev det.
Innkalling skjer på same måte som for ordinære årsmøte, med minst 14 dagers varsel.
Ekstraordinært årsmøte kan berre handsame og stemme over framlegg som er kunngjort i
innkallinga.
§ 10 Styret
Foreininga har eit styre på 3-5 medlemer. Styret er høgste myndigheit mellom årsmøter. Styret skal halde møte når styreleiar eller eit fleirtal av styremedlemene forlangar det.
Styret skal
-
iverksette årsmøtets beslutningar
-
oppnemne eventuelle komitéar, utval eller personar som skal utføre spesielle oppgåver, og utarbeide instruks for desse
-
administrere og føre nødvendig kontroll med foreiningas økonomi
-
organisere innsamlingsaksjonar
-
representere foreininga utad
§ 10 Signaturrett
Foreininga signerast av styreleiar og eit styremedlem i fellesskap.
§ 11 Vedtektsendring
Endringar av desse vedtektene kan berre gjerast på ordinært årsmøte etter å ha vore oppført på sakslista, og endringar i vedtektene krev 2/3 fleirtal av dei avgitte stemmene.
§ 12 Oppløysing
Oppløysing av foreininga kan berre handsamast på årsmøte, og krev 2/3 fleirtal av dei avlagde stemmene.
Foreiningas formue skal etter oppløysing og gjeldsavlegging tilfalle det formål foreininga arbeidar for å fremme, ved at nettoformuen blir gitt til ein ideell organisasjon som årsmøtet avgjer.
Ingen medlemer har krav på foreiningas midlar eller andel av disse.