top of page

Jeg vil bidra!

Bidra med bil

 

Du kan bidra med støtte til kjøp av bil ved å dra i gang ei innsamlingsaksjon i ditt nettverk. Bruk heile nettverket ditt. Fortel kva det er du støttar, kvifor du støttar det og kvifor det er viktig for deg. 

 

Folk bidrar gjerne når dei høyrer bodskapen frå ein person dei kjenner. 

 

Vis at du set pris på små og store bidrag: Ein som bidrar med små beløp ein dag, kan komme til å vere ein fast, god bidragsytar.

 

Få andre til å hjelpe deg med å spre innsamlingsaksjonen din i SINE nettverk, på same måte som du blir oppfordra til det. Det hjelper på spreiing, og når fleire blir kjent med at innsamling til eit formål er i gang, og dei blir anbefala å støtte det av nokon dei kjenner, så er det lettare å få endå fleire bidragsytarar.

​

 

Donere bil, aggregat, hengar?

 

Det er bruk for mange ting i Ukraina. Spesielt bilar for å løyse små logistikkoperasjonar og for å kunne redde liv til soldatar som er såra eller for å evakuere sivile som plutseleg er i ein situasjon der fronten har krype inn på dei. 

 

Dersom du har ein bil som du kunne tenke deg å donere til Ukraina, så kan SLAVA UKRAINI finne ein verdig mottakar for den. Aller helst treng man pickupar og van (typen HiAce eller Caravelle) men også SUV er nyttig.

 

Dieselaggregat trengs over alt, då straumen er upåliteleg. For å lage mat eller skaffe lys eller andre ting som man treng straum til. Har du eit eller fleire aggregat du vil donere bort så finnes det verdige mottakarar.

​

 

Båthengar: Me skal sende fleire større MOB-båtar (ca 2 tonn) til Ukraina og desse skal køyrast bak pickupar eller LandCruiser som då må ha hengar til å setje båten på. Me tar imot donasjonar av hengarar også.

 

Stille som sjåfør

 

Dersom du er ein solid sjåfør som kan føre bilen trygt fram til avtalt stad nær fronten, så kan du melde deg. Alle sjåførar dekkar eigne utgifter. 

 

Ditt nettverk kan du bruke for å setje i gang ei innsamlingsaksjon i forbindelse med at du skal vere sjåfør for ein bil som skal til fronten i Ukraina. Det er alltid lettare å samle inn i eige nettverk, og spesielt når man har ei anledning for å fortelje om kva man skal og kvifor man gjer det man gjer, så er det enklare for deg å drive denne innsamlingsaksjonen parallelt med at du forbereder deg til turen, og under sjølve turen til Ukraina.

Promotering i sosiale medier og øvrig

 

For at saka skal bli kjent, trengs fleire som kan lage innhald og promotere innhaldet både i tradisjonelle medier og sosiale medier. Tekstar, bilete og video, alt saman med ein bodskap om kvifor me gjer det me gjer.

bottom of page