top of page
Levering av biler

Bilane skal støtte ukrainske styrkar som kjempar ved fronten, og må derfor vere 4WD, manuelt gira og dieseldrivne. Bilane blir ofte utstyrt med gjørmedekk.

Bilane har namn! 
 

Bilane me leverar til Ukraina har alle eit namn etter prinsesser (eller mødrene deira) av Kyiv Rus. Saman med namnet er det brukt ein illustrasjon, ei freske, som finnes på veggen inne i den tidlegare kyrkja St. Sofia Kyivska. Fresken blir sagt å forestille dei fire døtrene til Jaroslav den vise. 

 

Bilar nr 1-5: Først døtrene til Jaroslav dek vise, så kona hans (mora til dei 4 døtrene); Jelisaveta (Ellisiv på norsk, ho vart gift med den norske komande kongen Harald Hardråde), Anastasiia (vart gift med den ungarske kongen), Anna (vart gift med den franske kongen) og Agatha. Deretter fekk mor deira pryde ein bil: Ingegjerd, ho kom frå Sigtyna i Sverige, var svensk prinsesse. 

 

Bilar nr 6-12: Døtrene til Mstislav den Store (også kalla Harald, etter sin bestefar): Ingeborg (gift med den danske kongen), Malmfrid (vart gift med Sigurd Jorsalfar, seinare Eirik Emune av Danmark), Eupraxia, Maria, Ksenia, Rogneda. Deretter fekk mor deira pryde ein bil: Kristina, ho var svensk prinsesse, dotter av kong Inge. 

 

Bilar nr 13-16: Døtrene til Vladimir Monomakh: Eufemia, Maritsa, Agafia og Sofia. Mødrene til desse døtrene var ikkje skandinaviske, så dei fekk ikkje pryde ein bil. 

 

Bil nr 17 Olga (Helga på norsk skrivemåte) som var regent på 900-talet og som er rekna som kanskje den største av alle Kyiv Rus sine regentar, både ved måten ho styrte på, men også fordi ho var bestemor til Vladimir som tok kristendommen. Det er kanskje ikkje det at ho var hans bestemor ho er mest stor for, men det spelar også inn. 

 

Bilar nr 18- vil bli oppkalla etter ulike prinsesser med namn som hittil ikkje er gitt.

bottom of page